Ulrik Bugge
Norwegian priest

Ulrik Bugge

The basics
Quick facts
Intro
Norwegian priest
Gender:
Male
Places:
Work field:
Birth:
20 December 1806
Death:
13 January 1878
Star sign:
Religions:
Family:
Biography menu
Menu

Jump to

Introduction Kjelder
The details
Biography

Introduction

Ulrik Bugge (20. desember 1806–13. januar 1878) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.

Bugge var fødd i Drøbak, der far hans då var kjøpmann, seinare flytta han verksemda til Christiania. Sjølv vart sonen student frå katedralskulen i hovudstaden i 1826 og cand. theol. i 1830. Deretter var han styrar ved borgarskulen i Fredrikstad frå 1832, kateket i Risør frå 1836. År 1842 vart han utnemnd til sokneprest i Herad i Vest-Agder. Dette kallet styrte han fram til 1855, då han vart sokneprest i Eid prestegjeld i Sogn og Fjordane. Han sat med det embetet til han døydde.

Bugge var 4. representant til Stortinget for Lister og Mandals amt i 1851 og 1854. I 1851 var han medlem av justiskomite nr 2 og lovkomiteen, i 1854 var han medlem av militærkomiteen.

Han døydde i 1878 på Nordfjordeid.

Kjelder