Frode Aga
Norwegian cook

Frode Aga

The basics
Quick facts
Intro
Norwegian cook
Gender:
Male
Places:
Is:
Work field:
Birth:
11 September 1955(Ålvik, Norway)
Star sign:
Family:
Siblings:
Biography menu
Menu

Jump to

Introduction Verkliste Kjelder
The details
Biography

Introduction

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Frode Aga (1977-).

Frode Aga (fødd 11. september 1955 Ålvik i Hardanger) er ein norsk kokk. Aga driv til dagleg Restaurant Hallingstuene på Geilo i lag med kona si.

Aga byrja karrieren sin på Maurset Hotel på Hardangervidda i tenåra. Her jobba han som gardsgut og kjøkenhjelp i skuleferiane, og vart så fascinert av kokkeyrket at han heldt fram med det i tida som fylgde.

Etter endt kokkeutdaning har han mellom anna vore kokk og kjøkensjef på Engebret kafé i Oslo og Sunnfjord Hotel i Førde. I 1988 starta han drifta av Restaurant Hallingstuene på Geilo, som han og kona har drive sidan.

Aga har delteke i fleire TV-program om mat, mellom anna Fra loft til kjeller og Kokkekamp på NRK. I tillegg har han i fleire år vore fast gjest på Morellfestivalen på Lofthus i juli. Aga er også kjend som ein stor humorist.

Verkliste

  • 2000 – Frode Agas gjestemat( Cappelen) [Med Berit Aga og Fritz Knott (foto)]
  • 2005 – Fra loft og kjeller( Damm) [Med Kjell Fuglehaug og Stine Woxman]

Kjelder

  1. Gunnar Jerman (1998). 35 kjøkkensjefer. Index publ.