Einar Hernes
Norwegian athletics competitor

Einar Hernes

The basics
Quick facts
Intro
Norwegian athletics competitor
Gender:
Male
Places:
Work field:
Birth:
7 May 1958
Star sign:
Biography menu
Menu

Jump to

Introduction Kjelder
The details
Biography

Introduction

Einar Hernes (fødd 7. mai 1958) er ein norsk tidlegare hekkeløpar og sprintar frå Bodø. Han vart i 1980 noregsmeister på 110 meter hekk. Hernes var medlem i IK Grand til 1982, sidan i nyskipa Bodø Friidrettsklubb.

Åra 1976 til 1984 vann Hernes ein gullmedalje, fire sølv- og to bronsemedaljar på korthekken under dei norske meisterskapane i friidrett. Han fekk dessutan med seg eit NM-sølv og ein NM-bronse på 200 meter i den same perioden.

Hernes sin personlege rekord på 200 meter er 21,65 sekund, oppnådd i 1981. I 1982 sette han personbeste på 110 meter hekk med tida 14,15 sekund, med manuell tidtaking fekk han den same sesongen notert 13,9 sekund.

Medaljar i noregsmeisterskap

  • 1976 i Askim: Sølvmedalje på 110 m hekk
  • 1978 på Steinkjer: Bronsemedalje på 110 m hekk
  • 1980 i Bodø: Gullmedalje på 110 m hekk, sølvmedalje på 200 m
  • 1981 i Haugesund: Sølvmedalje på 110 m hekk, bronse på 200 m
  • 1982 i Porsgrunn: Sølvmedalje på 110 m hekk
  • 1983 i Trondheim: Sølvmedalje på 110 m hekk
  • 1984 i Øvre Årdal: Bronsemedalje på 110 m hekk

Kjelder